Verified traveler
20. Juli 2021
Innsjekk var veldig bra, raskt og effektivt.
Dessverre så var rommet me fekk ikkje vaska ordentlig i det heile tatt. Vasken på badet var så skitten og hadde ikkje blitt vaska etter dei som budde der før oss. I ein pandemi som no så burdet dette våre strenge rutiner på.
Gav beskjed til resepsjonen, og fekk tilbud om nytt rom, sidan det ikkje var stuepiker på jobb på ettermiddag/kvelden den dagen.
Det nye rommet var ivertfall reinere, men det var kaffeflekker på lysbryteren på rommet og dusjhovudet var flekkete og full av fingeravtrykk, så endte opp med å desinfisere det sjølv, istadenfor å måtte bytte til eit nytt rom igjen.
Uansett var resepsjonisten veldig behjelpelig, med tanke på at ho var der åleine og skulle håndtere alle gjestene, utan stuepiker til å hjelpe.
Frokosten var veldig god, akkurat det ein håpar på når ein er på hotell, til tross for at det er pandemi og kanskje noko begrensinger med maten, men alt i alt meget bra.
Tips: Fokus og rutiner på reingjering av romma, ellers risikerer ein å få smitta gjester, som igjen kan gjere ting verre.